Tidenes månad for Lustrabadet

Medan sommarvêret let venta på seg, eller uteblir totalt, sette Lustrabadet besøksrekord i juli månad. Det gav billettinntekter på nærare 600.000 kroner.

Publisert 06.08.2015 kl. 14.05. Oppdatert kl. 14.49.

– Tre dagar før juli månad var omme trudde eg ikkje det ville bli ny rekord, men med 6.700 besøkjande blei juli den beste månaden nokon sinne, seier Nina Gudevang, dagleg leiar ved Lustrabadet.

– Heilt uverkeleg

Kring nitti prosent av badegjestane er enkeltbesøkande, og det gjev gode inntekter som Lustrabadet kunne sjå langt etter i fjor, då sol og varmerekordar stod i kø.

– Det er enkeltbillettar me tener på. Med billettsal, kafeen og badebutikken omsette me for kring 900.000 kroner i juli månad. Det er heilt uverkeleg, for det var labert i fjor, då besøkstala var låge frå mai til september, seier den daglege leiaren, og legg til at juli månad også noterte seg for omsetnadsrekord sidan badet opna i 2012.

– Folk som ferierer er her ofte lengre enn årskortinnehavarar, og då nyttar dei oftare kafeen også, seier Gudevang.

Inga utebading

To som nytta seg av bademoglegheitene var Randi Solheimsnes og sonen Jørgen Salthammer (2), som ferierer i eige fylke. Når sola gøymer seg ute tykkjer Solheimsnes det er kjekt å bada inne, for noko utebading har det ikkje blitt i år.

– Me prøver å vera her så ofte me kan. Det er eit eldorado uavhengig av alder, seier Solheimsnes, som kjem frå Hafslo, men bur i Førde.

Ho vonar folk nyttar seg av tilbodet.

– Det er bra at det er mykje besøk no, men eg vonar folk vil nytta tilbodet året rundt, seier Solheimsnes.

Den førre besøksrekorden var på 6.600 badegjestar, og kom ein vintermånad året Lustrabadet opna.