På tur for folkehelsa

– Me vil ha folk med ut på tur. Naturen kjenner ingen kommunegrenser, seier Jarle Aarvoll.

Publisert 06.08.2015 kl. 14.11. Oppdatert kl. 22.35.

Saman med Ivar Kvalen og tenesteleiar i Leikanger, Anne Brit Lauvsnes, har han teke turen til Børestein i Luster. Turen er ein del av S1 Sognefjordvegen, den samanhengande turvegen mellom Hella i Leikanger og kommunegrensa til Lom.

Stien er ein merka tursti som er ein del av det interkommunale prosjektet der dei tre kommunane satsar på folkehelse. Eit ledd i dette er å motivera folk til å bli med ut på tur.

– Ta med dei unge

Med på turen til Børestein var også Ingrid Johanne Kvalen (8).

– Det er viktig å ta med dei yngre, meiner Ivar Kvalen. Lauvsnes er einig.

– Det finst noko for alle. Sognefjordvegen er godt skilta, så det er lett å finna fram, seier ho, som tykkjer ordførarane i nabokommunane er «sprekare enn ein skulle tru». Ordførarane er einige i at det er viktigare å motivera «slike som dei» til å koma seg ut, enn topptrente ungdomar.

Låg terskel

Kvalen understrekar at ein ikkje treng reisa til Jotunheimen, Hurrungane eller breen for å gå på tur.

– Det er mange moglegheiter for 1–2 timars ettermiddagsturar. Desse treng ein ikkje dyrt utstyr til, då stiane er trygge og gode, seier han.

– Me ønskjer at terskelen for å koma seg ut på tur skal vera låg.

Stor variasjon

Tidlegare har dei tre ordførarane vore på tur frå Hella til Skopasete i Leikanger og frå Skarsbø til Stedjekamben i Sogndal. Denne gongen vart Lauvsnes med, og Ivar Kvalen skulle få velja løype. Turen gjekk frå Berge til Børesteinen, ei stigning på 750 meter fordelt på 4,6 km.

– Dette er tre veldig ulike turar som viser variasjonen i Sognefjordvegen, seier Lauvsnes.

– Eg angra på turvalet på veg opp, men det er verdt det når ein kjem til toppen, seier Kvalen. Det var dottera Ingrid som fekk bestemma tempoet.

– Tykte du det gjekk sakte?

– Pappa var litt treig, men det var kjekt å gå med dei, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utan bil

Målet med å gå på tur treng ikkje nødvendigvis vera å koma seg til ein topp.

– Ta med litt drikke og gå ein times tid, seier Aarvoll.

– Det er gratis, lett tilgjengeleg, trygt og godt, og gjev i tillegg helsegevinst, seier Kvalen.

– I alle tre kommunane kan ein kan gå frå stovedøra om ein vil, seier Aarvoll.

Perfekt turvêr

Aarvoll vel å gå litt hardt ut, og kjem med påstanden:

– Sogndal, Luster og Leikanger er noko av det vakraste Vår Herre har skapt. Her er det uendelege moglegheiter.

Han peikar på at det er mogleg å gå nye løyper kvar gong ein tek turen ut. Lauvsnes rosar dei frivillige som har bidrege med Sognefjordvegen.

– Det er mange som har teke ansvar. Folk har sett opp skilt, drive vedlikehald, og vore stifadrar, seier ho. Heile strekninga Hella–Lom er tydeleg skilta. Tenesteleiaren og ordførarane meiner dette gjev ei unik moglegheit til å oppleva nærområdet.

– Me må bruka kvarandre sine kommunar, seier Aarvoll.

– Det er dessutan perfekt turvêr i sommar. Ein treng ikkje strålande sol for å koma seg ut, seier Kvalen.