Splitter ny yacht på fjorden

Superyachten Ann G vitjar Skjolden.

Publisert 05.08.2015 kl. 10.26. Oppdatert kl. 13.31.

Den 50 meter lange flytande luksusen vart overlevert eigarane no i juli, ifølgje Superyacht Times. Båten kom direkte frå verftet til Stavanger, før turen gjekk til Bergen og inn Sognefjorden.

Etter det Sogn Avis kjenner til er det ein russisk familie og representantar frå verftet ombord, i tillegg til mannskapet.

Gjestene hadde mellom anna vore ved Nigardsbreen før dei kom til Skjolden tysdag.

Onsdag føremiddag vart dei henta av to helikopter, medan yachen starta på turen ut fjorden. Helikopterturen skal ha enda på laksefiskargarden Moldebo i Lærdal.

Delar av turen inn Sognefjorden vart filma frå ein ribbåt.

Båten er bygd av nederlandske Heesen Yachts. Yachten har tre dekk og fem lugarar. Spesielt for Ann G er ein stor beach club med bar, eit tyrkisk bad og treningsutstyr i akterenden av båten. Samt ein lagerstad for tenderbåtar og vassleiker i garasjen og i den framre delen av hovuddekket, opplyser Arcon Yachts.

Blåfargen på skroget skal vera spesialdesigna for Ann G.