Har fått tips i knivstikkingssak

Politiet har fått nokre tips etter at ein person var slått og stukken med kniv på Hafslo laurdag.

Publisert 04.08.2015 kl. 09.42. Oppdatert kl. 09.55.

Politiet fekk ikkje melding om saka før måndag, og gjekk då ut og etterlyste tips.

Ynskjer fleire tips

– Me har fått nokre tips, seier politioverbetjent Norvald Ylvisåker, men presiserer at det ikkje betyr at dei er komne så langt at nokon vil bli pågripne.

– Det er litt tidleg å seia om me kjem noko vidare med saka med dei tipsa me har fått inn til no.

Ylvisåker seier at politiet framleis ynskjer tips.

– Me vil framleis gjerne ha fleire tips for det aktuelle tidsrommet.

Det var laurdag kveld 1. august mellom klokka 21.15 og 21.30 at hendinga skjedde på Galden.

Ein mann var på tur i området då han brått vart angripen av ein mannsperson som først slo til han før han stakk han med kniv i høgre armen.

Han som vart angripen har skildra gjerningsmannen som om lag 1.80 høg, kraftig bygd, han var lys i huda og snakka norsk.

Vert prioritert

Norvald Ylvisåker opplyser at saka vert prioritert av politiet.

– Me har prioritet på denne saka no med dei som er på jobb. Me vil jobba vidare med tips og med andre etterforskingssteg, seier han.

– Trur politiet at gjerningsmannen kan vera til fare for andre?

– Det me har her er eit enkeltståande tilfelle, så det blir i tilfelle berre synsing. Men me har ikkje nokon tanke om det.

Politiet tek imot tips på telefonnummer 02800 eller 57758800.

Les òg: Vart angripen med kniv ved busstopp

 


Les meir om: Siste Nytt Luster