Treng tips etter knivstikking

Politiet i Sogndal ber om tips etter at ein person vart angripen og stukken med kniv like ved busstoppen på Galden mellom Hafslo og Sogndal.

Publisert 03.08.2015 kl. 14.01. Oppdatert kl. 15.13.

– Me ser veldig alvorleg på hendinga, seier politioverbetjent Rita Skjeldestad ved Sogndal politistasjon.

Laurdag kveld

Det var laurdag kveld 1. august mellom klokka 21.15 og 21.30 at hendinga skjedde på Galden. Mannen var på tur i området då han brått vart angripen av ein mannsperson som først slo til han før han stakk han med kniv i høgre armen.

– Han har fortalt at han såg kniven, seier Skjeldestad.

Måtte sy

Turgåaren måtte sy tre sting og var elles sterkt prega av det som hadde skjedd.

– Me fekk ikkje melding om det før måndag, og sette straks i gang etterforskning, seier Skjeldestad.

Politiet veit at det var ein del folk i området på denne tida, mellom anna var det bryllaup i nærleiken og ein del trafikk i området.  Difor vonar politiet at kanskje nokon kan hjelpa til med å gje dei tips i saka.

Tips

– Me vonar at det finst nokon som kan ha sett noko som er av interesse for politiet. Dei kan då ringe enten 02800 eller 57758800, seier Skjeldestad.

Han som vart angripen har skildra gjerningsmannen som om lag 1.80 høg, kraftig bygd, han var lys i huda og snakka norsk.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster