Etterlyser tiltak i ueigna kryss

Kommune-sentret i Luster heng etter på trafikal infrastruktur.

Publisert 03.08.2015 kl. 00.01.

No køyrer Luster Ap fram det forsømde behovet i valkampen.

Trafikktryggleiken

– Dette har i første rekkje med trafikktryggleik å gjera, seier Arne Johannessen, som er partiet sin ordførarkandidat.

Men Gaupne er ein viktig tettstad i Indre Sogn og slit med å avvikla det totale trafikkbiletet på fornuftig vis. Luster sitt kommunesenter kan visa til eitt tusen arbeidsplassar, aleine 400 på sjøsida av fylkesvegen.

Bommar med 50 m

– Behovet er stort for å etablera ei tenleg rundkøyring til erstatning for det særs mangefullt utforma krysset, seier Arne Johannessen.

Utkøyringane frå kvar av dei to sentrumssidene inn på Fylkesveg 55 er langt frå å vera eit kryss, som det ideelt skulle ha vore. Koplingane frå Gaupne sine to travle «bydelar» inn på den gjennomgåande hovudvegen bommar på kvarandre med minst femti meter.

Les meir i papirutgåva måndag.