Tomt for tomter

Luster sitt kommunesenter er tom for bustadtomter.

Publisert 02.08.2015 kl. 00.01.

– Me er heilt på hælane, seier Odd Atle Stegegjerdet, og konstaterer at det politiske miljøet har lite grunn til å vera nøgde med situasjonen.

– Eksisterer ikkje

– Den gedigne bustadsatsinga i Gaupne eksisterer ikkje, seier Ap-veteranen, og lover at det største opposisjonspartiet skal synleggjera behovet for meir trøkk i den tilstundande valkampen.

– Kven har forsømt seg?

– Dette er eit ansvar heile det politiske Luster må ta inn over seg, seier Odd Atle Stegegjerdet, og seier partiet ynskjer realisera ein planleggingshorisont som er slik at det til eikvar tid skal vera tilgang på tomter.

Fire svake år

– Gaupne må berre ha på plass ein slik garanti, seier han, og konstaterer at kommunesentret i dag lir under fire svake år når det gjeld innsatsen bak det å skapa kontinuitet på byggjeklare tomter.

– Kor stort må ein tenkja?

– Tilgangen på areal må tilsvara 10–15 årleg om det skal monna, areal for både einskildhus og leilegheitar, seier han, men understrekar at det er einskildbustader som er den kritiske faktoren.

Behov og vern

– Andre typar bueiningar vil koma, utsiktene er langt betre i marknaden for slike, seier Odd Atle Stegegjerdet, som meiner jordvernet er for lite balansert mot andre omsyn, som behovet til distriktskommunar i vekst.

– Kva meiner du?

– Eg meiner jordvernet har ei for sterk stilling, seier Ap-politikaren, og erklærer at balansen, slik Ap meiner denne skal praktiserast, blir ei viktig sak i valkampen.