Legg ut på kyrkjeturne

Frå YouTube til kyrkjer i Sogn.

Publisert 01.08.2015 kl. 10.56. Oppdatert kl. 11.00.

I august tek Jonas Nyløy Navarsete (25) med seg pianist og songar Endre Aaberge Dahl på ei reise gjennom musikalverda.

– Her får de høyra songar frå fleire kjente musikalar, samt noko klassisk musikk frå ulike tidsepokar, seier han.

Fire konsertar

Dei inviterer til kyrkjekonsertar i Fortun, Sogndal, Leikanger og Balestrand.

– Eg kan melda at me kjem til å syngja både på norsk, engelsk, tysk, italiensk og latin.

YouTube

Sogndølen har hatt mykje mediedekning dei siste åra knytte til YouTube-kanalen sin der han regelmessig legg ut musikkvideoar. Blant anna har han fått gode tilbakemeldingar frå sjølvaste Coldplay etter a capella-versjonen av «Fix you».

– Det har vore mykje arbeid, men eg har ein draum om å leva av å leggja ut songar på YouTube, men det er eit trongt nålauga og det går ikkje utan hardt arbeid.

Tolmodig

Skal han lukkast må han ha tolmod og i tillegg vera litt heldig, meiner han.

– At andre set pris på arbeidet mitt er veldig motiverande. Eg legg ikkje ut noko før eg er nøgd sjølv og meiner sjølvsagt filmane burde bli sett av fleire, men eksponeringa kjem ikkje berre utan vidare. Eg må berre stå på og på eit tidspunkt kan eg vera heldig og ting tek litt av, seier han.

Blir student

Navarsete byrja med klassisk musikk for tre år sidan. Dei neste fire åra skal han vera student ved Norges musikkhøgskule der han skal studera bachelor i klassisk utøvande song.

– Eg veit ikkje heilt kva eg går til, men trur det blir ein spennande kvardag. Dette er ein skule som er vanskeleg å koma inn på og som har fokus på praktisk gjennomføring. Songtimar kostar utruleg mykje pengar, så det er utruleg bra at eg no får god støtte frå lånekassen for å ta steget vidare.

Dyktige

Frå før har Navarsete delteke på større konserttilstellingar som «NRK Julelutt», «TVNorge Gullsnutten», «musikalkonsert med SOFORK» og «Kan du høyra folket syng».

Pianist Endre Aaberge Dahl skal studera på ei tilsvarande musikklinje i Trondheim med klassisk song. Han har lang fartstid frå musikkbransjen både som pianist, korsongar, og no nyleg som solosongar. Lyd og gitarmann Henrik Hovland er kjend frå musikkmiljøet i Sogn der han blant anna spelar gitar i Sogndal Storband og har generelt vore aktiv i det spirande musikklivet i Saftbygdi.

Gler seg

Navarsete seier han ser fram til kyrkjekonsertane i Sogn og lovar lun og fin stemning.

– Me ligg bra an med øvingane og gler oss veldig til å underhalde, seier han.