Turistane vil ha aktiv ferie

Karlis Bremer trur reiselivet er den nye oljen.

Publisert 01.08.2015 kl. 10.40. Oppdatert kl. 10.46.

Dei siste åra har Sogn fått fleire aktivitetstilbod for dei tilreisande. Både Adventure Tours i Skjolden, Norsk Bremuseum i Fjærland og FjordSafari i Flåm har hatt god vekst.

– Eg er ganske ny i gamet, så det er naturleg å tenkja at ei fersk bedrift vil ha ein naturleg vekst, seier Karlis Bremers i Adventure Tours. Han er godt inne i sin tredje sesong. No vil han satsa vidare.

Tripadvisor

– Eg merkar stor vekst frå folk som har funne meg på nettet, forklarer Bremers. Tidlegare i år leigde han inn eit reklamebyrå som laga ny nettside til han.

– Det er viktig at det ser litt proft ut, så eg har arbeidd mykje med innhaldet der, seier han, som også dreg fram appen Tripadvisor som ei kjelde til vekst.

Tripadvisor fungerer på den måten at dei som har delteke på ein aktivitet, besøkt eit hotell eller gått ein fjelltur, kan leggja at poeng og kommentarar. Slik kan dei som kjem etter sjå kva som er populært å gjera i eit område.

– Den har gitt meg mange deltakarar, seier Bremers.

Bremuseum

Også John Brekke ved Norsk Bremuseum meiner appen er viktig.

– Me har nyleg gjort nokre grep der. Me merkar at Bremuseet har fått eit godt rykte. Eg trur kryssinga mellom prisen vår og dei gode tilbakemeldingane på appen er sentralt, seier han. May Lene Steinheim Lunden ved Fjord Safari merkar også effekten av appen.

– Kundane pratar om den, og seier dei har funne oss der, seier ho. Ho er kjempefornøgd med at FjordSafari ligg på topp på Tripadvisor si liste over ting ein kan gjera i Flåm.

Fleire gode år

Steinheim Lunden har hatt ein svært god sesong, for andre år på rad.

– Me hadde ein god sesong i fjor, då me på heilårsbasis auka med 50 prosent, seier ho. Denne sesongen tilseier tala frå juli ein auke på minst 25 prosent. Steinheim Lunden trur kronekursen har vore viktig, men meiner marknadsføringa er det sentrale.

– Me har merka den auka marknadsføringa mot USA, seier ho.

Asia

Det har også Norsk Bremuseum. Denne sesongen har dei hatt fleire gjester frå USA enn nokon gong tidlegare, men det er likevel Asia som skil seg ut.

– Taiwan har auka veldig. Korea og Kina har auka litt, og no byrjar India også å koma, seier Brekke. I tillegg trur han Europa byrjar å koma seg etter finanskrisa.

– No har me hatt mange gode år på rad. Eg håpar det held fram slik, seier han, som kan melda at dei i år ligg om lag 4500 gjester framføre same tidspunkt i fjor.

– Det utgjer ein vekst på 13 prosent, seier han.

Levebrød

Karlis Bremers trur reiselivet er den nye oljen. Hjørnesteinen i Adventure Tours er turar med rib, men dei siste to åra har han starta opp fleire tilbod.

– I fjor starta me opp med kombinerte sykkel og fisketurar, og i år har me kjøpt inn nokre Stand Up Paddle-brett som me leiger ut, seier Bremers, som kan fortelja om god vekst både på rib- og sykkelturen. Nyleg er han ferdig med utdanninga si, og no er han klar for å utvikla Adventure Tours vidare.

– Eg har lyst til å utvikla dette til eit fullverdig levebrød, seier han. Enn så lenge vil han prioritera å utnytta kapasiteten på sommarhalvåret, før han prioriterer vinteren.

Førehandsbestilling

Ein av utfordringane ved å driva eit slikt aktivitetstilbod, er vêret. Ifølgje Bremers hadde dei ein seig start i vår.

– Me hadde ein litt seig start i vår, spesielt når det gjeld SUP-brett og sykkelturen. Rib-turane er i større grad førehandsbestilte, seier han.

 Adventure Tours er inne på cruiseskipa og profilerer seg, slik at cruiseturistane kan bestilla i førevegen.

– På gråvêrsdagar er det ein kjempefordel at folk har førehandsbestilt. Det er nok vegen å gå, seier Bremers.

Familievenleg

Med seg på rib-turane har han folk frå alle aldrar og bakgrunnar.

– Dette er eit familievenleg opplegg som alle kan vera med på, uansett alder, då det ikkje krev so mykje av deg fysisk, seier han. Bremers har flest deltakarar frå Tyskland og Nederland.

– Dei toppar reiselivsstatistikken på aktivitetar, seier han. Sjølv om det er mest utlendingar han har med seg, kjem det også ein del nordmenn innom.

– Sogningar kjem gjerne med tilreisande slekt og vener for å visa fram naturen, seier Bremers.