Minkar på laga

Fleire av laga frå Sogn har teke seg langt i B-sluttspelet, men no er det i ferd med og tynnast i rekkene også der.

Publisert 30.07.2015 kl. 21.57. Oppdatert kl. 08.55.

Kaupanger sine gutar 13-14 rauk ut etter ein spanande semifinale mot Tertnes. Dei låg under med tre mål, men klarte å henta inn og utlikna til 3-3 før full tid. Dermed vart det golden goal og like før siste ekstraomgang var over, scora Tertnes.

Då var det over og ut for Kaupanger for denne gongen.

Andre resultat torsdag kveld:

Syril 2 G14 7-ar tapte 1-2 mot Gurskøy i kvartfinalen.

Bjørn 1 G16 7-ar spelte 0-0 mot Åndalsnes etter full tid, men gjekk vidare på golden goal.

Dei møtte Nordlys i semifinale torsdag kveld, men resultatet her er ikkje tilgjengeleg på NC sine sider.

Bjørn 2 G14 7-ar spelte semifinale torsdag kveld, heller ikkje der resultatet klart.

Sogndal G14 11-ar rauk 0-2 mot Nest Sotra i 8-dels finalen.

ÅTIL G16 7-ar tapte kvartfinalen 4-2 mot Nordlys.

Høyang G16 7-ar tapte semifinalen 1-2 mot Bergen Nord.