Jubla for kvartfinale

Fleire lag frå Sogn heng framleis med i A-sluttspelet.

Publisert 30.07.2015 kl. 15.53. Oppdatert kl. 18.08.

Tidlegare i dag slo Årdalstangen sine jenter 15/16  Nesbyen 4-2 i 8-delsfinale, og dermed var det vill jubel for kvartfinaleplass.

I kveld møter dei Manglerud Star og skal kjempa om semifinaleplass i A-sluttspelet.

Bjørn og Sogndal

Kvartfinaleplass er det også på Bjørn sine gutar 13. Bjørn 2 vann 4-3 over Surnadal. Dei møter VIF 2 i kveld.

Sterk prestasjon av Sogndal sine jenter 14 som spelar 11-ar fotball. Dei fekk walkover til 8-delsfinalen.

Der slo dei Bremnes 1 3-1 torsdag ettermiddag.

Fredag vert det kvartfinale mot Grei klokka 10.

Vik

Vik sine gutar 7-ar  i 14 års klassen måtte seia takk for seg torsdag ettermiddag.

Då tapte dei med sure 0-1 mot Ullern Rød i 8-delsfinalen.