Klare for semifinale

Syril vidare i Norway Cup.

Publisert 30.07.2015 kl. 11.39. Oppdatert kl. 14.07.

Syril sitt jenter 14-lag slo torsdag Hadeland heile 6-1 i semifinalen i A-sluttspelet i Norway Cup.

Syril gjekk opp i leiinga etter 12 minutt. Eitt minutt ut i andre omgang scora Hadeland, og stillinga var 1-1.  Ti minutt ut i omgangen gjekk Syril opp i leiinga att, og derfrå og ut rann det inn med mål for Syril.

Syriljentene skal spela semifinale mot Kvaløya klokka 18.25 torsdag.

Bjørn sine jenter 14 kom seg også til kvartfinale i A-sluttspelet, men der vart Norway Cup-eventyret stogga av Kvaløya, som vann kampen 3-0.

Gutar 13-laget til Bjørn spelar i føremiddag mot Trane i kvartfinale i A-sluttspelet. Årdalstangen sitt jenter 15/16-lag møter i dag Nesbyen i 8. delsfinale.

Vik, gutar 14, møter i ettermiddag Ullern Rød i 8. delsfinale i A-sluttspelet.

Sogndal sitt jenter 14-lag fekk walkover og gjekk rett til 8-delsfinale torsdag ettermiddag. Der møter dei Bremnes.

Slik går det med laga frå Sogn i B-sluttspelet:

Syril 2, gutar 14, sjuarlag, speler kvartfinale torsdag kveld.

Syril 1, gutar 14, sjuarlag, tapte 8. delsfinalen mot Team Nes Hvit torsdag morgon.

Bjørn 1 , gutar 16, sjuarlag, speler kvartfinale  torsdag ettermiddag.

Bjørn 2, gutar 14, sjuarlag, speler kvartfinale torsdag kveld.

Bjørn 2, gutar 16, sjuarlag, tapte mot Bergen Nord 1 i 8. delsfinalen torsdag morgon.

Høyanger, gutar 16, sjuarlag, speler kvartfinale torsdag ettermiddag.

Sogndal, gutar 14, 11’arlag, speler 8. delsfinale torsdag ettermiddag.

Årdalstangen 1, gutar 16, sjuarlag, speler kvartfinale torsdag ettermiddag.

Årdalstangen 2, jenter 15/16, sjuarlag, tapte 16. delsfinalen mot Nordstrand 1 onsdag.

Årdalstangen 2, gutar 16, sjuarlag, tapte mot Bjørn 2 i 16. delsfinalen onsdag.

Kaupanger, gutar 14, sjuarlag, spelte uavgjort mot Tertnes i 8. delsfinalen. Vidare resultat ikkje opplyst på nettsidene til Norway Cup.

Odd Inge Rand er reporter for Sogn Avis på Ekebergsletta. Er det ein spesiell grunn eller ei god historie som gjer at han bør sjå laget ditt? Send tips på e-post til desk@sognavis.no.

Send også gjerne bilete både frå kampane og livet på Norway Cup til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982. Hugs å få med namn på fotografen og litt tekst til bileta. Deler du bilete frå Norway Cup på Instagram? Merk dei gjerne med #sognavis.