Vidare i gjørmebadet

Fleire sognelag vann kampane sine i A-sluttspelet.

Publisert 29.07.2015 kl. 22.46. Oppdatert kl. 12.43.

Syril J14 vann fylkesoppgjeret mot  Leirgulen/Davik heile 8-0 onsdag kveld.

Dei møter Hadeland i kvarfinale torsdag.

Også Bjørn sine jenter 14 gjekk vidare med 4-0 siger over Hødd Kvit. Torsdag ventar Kvaløya i kvartfinalen.

Bjørn sine gutar 13 møtte Sund SK. Der stod det 1-1 etter full tid, men jubelen var stor då Bjørn scora då det stod att 25 sekund av 2.ekstraomgang.

 Dei møter Trane i kvartfinale torsdag.

Siger vart det også for ÅTIL sine jenter 15/16 med 1-0 over Kjelsås. Torsdag er det åttande-dels finale mot Nesbyen.

Rauk ut

Sogndal sine gutar 15/16 som spelar i den tøffe 11-ar fotball klassa, måtte sjå seg slått med sure 1-0 mot Surnadal i 32-dels finalen.

Sogndal sitt jenter 14 år fekk walkover og gjekk rett til 8-dels finale torsdag.

Odd Inge Rand er reporter for Sogn Avis på Ekebergsletta. Er det ein spesiell grunn eller ei god historie som gjer at han bør sjå laget ditt? Send tips på e-post til desk@sognavis.no.

Send også gjerne bilete både frå kampane og livet på Norway Cup til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982. Hugs å få med namn på fotografen og litt tekst til bileta. Deler du bilete frå Norway Cup på Instagram? Merk dei gjerne med #sognavis.