Endeleg betre tilbod for skihopparane

– At det kjem to nye hoppbakkar vert avgjerande for hoppmiljøet si framtid, seier skihopparveteran Per Birger Lomheim.

Publisert 28.07.2015 kl. 14.58. Oppdatert kl. 15.01.

I den komande kommunestyreperioden er Luster kommune godt i gang med å utarbeida ein reguleringsplan for Sogn Skisenter. Målet er å få til eit toppmoderne langrennsanlegg, stisyklingssenter og to nye hoppbakkar.

Bra for hoppmiljøet

– Hoppbakkane i Kvam er umoderne og tungvinte å drifta, så dei vert avvikla og flytta inn til skisenteret, fortel ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

Per Birger Lomheim er særs nøgd med at alle skitilboda vert samla på ein plass.

– No skal det byggjast to treningsbakkar på 10 og 20 meter. Me må ha eit tilbod der folk er og det er vanleg at skihoppa ligg i eit skisenter. Difor er denne reguleringsplanen alfa og omega skal ein ha eit aktivt hoppmiljø, seier skihopparen.

Han fortel vidare at i Kvamsbakken har det til no vore hopparane og foreldra som har trakka bakkane manuelt. Det vert Hafslo idrettslag og Sogn skisenter som kjem til å stå for drifta av anlegget og halda kurs.

– Det vert enklare å drifta hoppbakkane på Heggmyrane, då ein der får nytta seg av trakkemaskina.

Lomheim fortel at det ikkje finst gode funksjonelle treningsbakkar elles i Indre Sogn og hoppanlegget i Kvamsbakken har hatt besøk frå mellom anna Kaupanger, Leikanger og Sogndal. Difor vil det nye anlegget styrkja hoppmiljøet i regionen.

Nytt langrennsanlegg

Det er ikkje berre hoppmiljøet som får medfart, for planen er å få laga eit toppmoderne og publikumsvenleg langrennsanlegg, der standaren vil leggja til rette for å kunna halda konkurransar på eit nasjonalt nivå.

– Ei av løypene skal vera asfaltert og i underkant av to kilometer. Me har vore opptekne av å få til eit tilbod til dei som vil trena aktivt heile året. Då slepp dei å gå på rulleski på offentleg veg, seier ordføraren.

Definerer bruken

– Målet med denne reguleringsplanen er å få auka både sesongen og utnytta infrastrukturen her heile året, seier Kvalen. Han meiner at planen definerer bruken av skisenteret på ein skikkeleg måte, og det vert mykje meir ryddig for både skisenteret og grunneigarane. No skal kommunen gjera ferdig avtalar med grunneigarane før utbyggingsprosessen kan byrja.

– Reguleringsplanen vert forhåpentlegvis vedteken før nyttår, seier Kvalen.


Les meir om: Siste Nytt Sport Luster