Fire klatrarar berga ned frå Storen

Alpin redningsgruppe kalla ut seint laurdag kveld.

Publisert 26.07.2015 kl. 07.01. Oppdatert kl. 10.04.

– Fire klatrarar bad om assistanse i går kveld, dei hadde ikkje kontroll på situasjonen og bad om hjelp. Dei var ikkje i stand til ta vare på seg sjølv, opplyser Edvard Middelthon ved Hovudredningssentralen i Sør- Noreg.

Fekk problem

Etter det Sogn Avis får opplyst frå Hovudredningssentralen har truleg klatrarane vore på den 2.405 meter høge toppen, men fekk problem på veg ned att.

– Klatrarar frå alpin redningsgruppe blei flydd opp til Hytta på Bandet og tok seg opp til klatrarane der dei var, like under toppen på Storen, seier Middelthon.

Dei fire nordmennene, to kvinner og to menn, to av dei i 20-åra og to i 30-åra,skal ikkje vera fysisk skadde, men nedkjølte.

– Me fekk melding klokka 22.52 laurdag om at dei fire hadde gått seg vill på vegen, seier Kai Myklebust, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ikkje fysisk skadde

To frå alpin redningsgruppe vart frakta til Hytta på Bandet med luftambulanse og tok seg deretter opp til dei fire.

– Me har hatt sms- kontakt med dei fire undervegs, seier Myklebust.

Dei fire, to kvinner og to menn, to av dei i 20-åra og to i 30-åra,skal ikkje vera fysisk skadde, men nedkjølte.

– Dei var forsinka og ikkje utstyrte for å klara seg ei natt ute. Dei hadde brukt lenger tid enn planlagt, seier Middelthon.

Til Turtagrø

Dei fire fekk assistanse ned til Hytta på Bandet, fekk teke ein pause der og er i morgontimane på veg til Turtagrø, får Sogn Avis opplyst.

– Røde Kors i Luster har også bistått. Dei er på Turtagrø saman med politiet og har hjelpt til med kommunikasjon, seier Middelthon.

 

 

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster