Nybygg ved Noregs eldste husmannsplass

Arkitekturstudentar ved NTNU opnar døgnopne nybygg ved snart ferdigrestaurerte Hestaskår husmannsplass.

Publisert 21.06.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 08.57.

– Me ønskjer å skapa interesse for plassen og gjera det meir til ein bruksplass enn eit museum, seier Tord Bukve.

Tilgjengeleg

Bukve er frå Gaupne, og studerer arkitektur ved NTNU i Trondheim. Han har fått med seg 13 medstudentar til heimstaden.

– Dette er eit frivillig prosjekt me kallar «Workshop Luster». Det er det einaste studentprosjektet me har høyrt om som har tilknyting til så gamle bygningar, seier han. Hestaskår er snart ferdigrestaurert, og like ved har det den siste veka kome opp to nye bygg: ein utedo og ein paviljong. Studentane ønskjer å utfordra forma til husmannsplassen.

Luster Sogelag har teke initiativ til å skapa eit nasjonalt senter om husmannsvesenet, og har difor arbeidd med restaureringa av Hestaskår, plassen som kanskje er den eldste husmannsplassen i Noreg. Plassen vart etablert som husmannsplass på 1600-talet og fram til 1902 hadde det vore 17 husmenn der. No ønskjer arkitektstudentane å gje plassen nytt liv.

– Me har til dømes valt å ikkje ha dører på bygga våre, fordi me ikkje ønskjer å låsa dei. Dei skal vera til fritt bruk for alle, seier Bukve, som meiner Hesteskår er ideell for fleirbruk.

– Det er enkelt å koma seg hit, så me håpar plassen kan verta hyppig brukt.

Kan fjernast

Bukve og deler av gruppa fekk ideen til prosjektet hausten 2014, og etter kvart har fleire slutta seg til.

– Eg ville heim til Luster for å finna potensial og gje noko til heimbygda. Me visste me hadde funne rett stad då me skjønte at me kunne vera med på å utvikla Hestaskår vidare, seier han. I tillegg til å samarbeida nært med leiar i Sogelaget Geir Vettien, har studentane vore i kontakt med Riksantikvaren. Der fekk dei eit krav: bygningane måtte kunne fjernast.

– Det har me løyst ved å byggja på stålstolpar. Dei kan fjernast i løpet av eit par timar om ein vil, seier Bukve. Med dette i bakhovudet, hadde studentane ganske frie tøyler.

Autentisk

– Me har hatt ein plan heilt frå starten, men har justert etter kvart som me har møtt på utfordringar, fortel Bukve. I byggjeprosessen trur han det dei har brukt mest tid på, er å få alt i vater. Sjølve bygginga har gått fort, og berre kledningen stod att før opninga laurdag.

– Me ønskjer at nybygga skal likna dei eldre bygga. Me har brukt brenning med flammekastar som teknikk for å skapa den mørke overflata. Dette gjer dessutan bygga nærast vedlikehaldsfrie, fortel han.

God respons

Tanken til studentane er at dei blandar gamalt og nytt. Dei er spente på kva folk vil seia om nybygga.

– Alle som har sett har vore positive, men me er klar over at me tøyer nokre grenser og tykkjer ikkje det er negativt om me startar ein diskusjon, seier Bukve. Han håpar at folk tek turen til opninga av nybygga.

– Dette er ei gåve til Luster Sogelag og lustringane, så eg håpar dei brukar ho.

Prosjektet er finansiert av sponsorar, nokre frå Oslo, men dei fleste frå Luster.

– Me hadde aldri fått til dette utan sponsorar. Eg har fått utruleg mange ja, og folk har hatt tru på prosjektet. Det viser at lustringane er interesserte i å utvikla og utnytta stader som dette, seier Bukve. Studentane har ikkje bede om pengestøtte, men heller fått materiale og utstyr.

– Me har arbeidd ut ifrå same tankegang som husmannsplassar tradisjonelt sett vart bygd i. Me tenkjer lokalt og gjenbruk.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida