Hisdal raskast opp Molden

Erling Hisdal frå IK Tjalve utklassa konkurrentane i motbakkeløpet Molden Opp i dag.

Publisert 20.06.2015 kl. 19.56. Oppdatert kl. 12.48.

Austlendigen gjekk ut i hundre og vann herreklassen på tida 53:18, nesten tre minutt framfor nummer to på lista, Lars Olav Haaheim.

Ola Jordheim på Team Hallingdal var tredje raskaste opp den tunge bakken.

– Eg merka fort at eg vart veldig åleine tidelg i løpet og då kontrollerte eg greitt inn, seier vinnaren.

Ofra Noregscupen for Molden

Dei siste kilometerane tenkte han meir trening og teknikk og stressa ikkje med å setja personleg rekord.

Dermed vart han nesten to minutt etter rekorden sin frå i fjor, då han sprang inn til ein 8. plass på ti på topp-lista med tida 51:24.

– Eg var med for første gong på dette løpet i fjor. I år ofra eg Noregscupen Gullfjellet Opp fordi eg ville ha ei ekstra gjennomkøyring før NM til neste år.

Molden Opp blir NM i motbakkeløp i 2016

Molden Opp vart arrangert for første gong i 2010. Årets arrangement var den sjette i rekkja og til neste år er dei tildelt noregsmeisterskapen.

– Planen min var å få ei god gjennomkøyring og eventuelt vinna i år, og det gjekk greitt utan å bruka altfor mykje krefter, seier Hisdal.

Korleis skal sigeren feirast?

– Det blir ikkje den store feiringa då eg er midt i sesong. Eg tok meg ein joggetur då eg kom ned igjen og så skal eg tilbake til Oslo i morgon tidleg. Då vert det ei god og lang tomils joggeøkt. Festinga får me heller ta i oktober, smiler han.

Tøff duell

I kvinneklassen stod det mellom Maren Wangensteen frå Ryfoss og motbakkedronninga May Britt Buer frå Gular.

Førstnemnde drog det lengste strået og kom i mål på tida 59:45. Therese Sjursen frå Bergen Løpeklubb kom på tredje.

Men heller ikkje Wangesteen klarde å slå sin eigen rekord i Molden Opp. Den sette ho i fjor då ho skreiv seg inn på femteplass på ti på topp-lista med tida 59:02.

Beste sogningar

Beste sogningar i dag var Rune Eckhoff frå Kaupanger som sprang i mål på tida 57: 01 og Malene Blikken Haukøy frå Høyanger som tikka inn på 1:03:52.


Les meir om: Siste Nytt Sport Luster

Siste saker Gå til framsida