Møter motbør hos fylkesnaturvernet

– Litt meir fornybar kraft og litt småskala samfunnsnytte kan ikkje forsvara dette inngrepet.

Publisert 17.06.2015 kl. 00.01.

Naturverninteressene i Sogn og Fjordane formidlar eit klart nei til småkraftplanane for Rydøla.

NVE siste ordet

Prosjektet er eitt av fem dei folkevalde i Luster har på bordet sitt for tida. Saka skal opp i kommunestyret i morgon. Førre veka henta småkraftinteressene bak Rydøla ein førebels siger i formannskapet.

Men det er NVE som har siste ordet.

– Stor vassfylde

No kastar eit samla fylkesnaturvern seg inn i kampen for Rydøla.

– Ryfossen er eit landskapselement med stor verdi, det er den einaste att i Jostedalen med stor vassfylde, seier Erik Solheim, som framfører forsvaret for Rydøla på vegner av Naturvernforbundet, Sogn og Fjordane turlag, Luster turlag og Forum for natur og friluftsliv.

Minstevassføring

Desse organisasjonane har lite tru på utbyggjaren sine forsikringar om verknaden av minstevassføringa.

– Me er usamde i at den tillyste minstevassføringa vil ha god inntrykksstyrke i dei tre sommarmånadene, seier Erik Solheim, og viser til eit diagram i søknaden som viser ei naturleg middelvassføring på meir enn det doble i mai, juni, juli, og monaleg større i juni aleine.

Naturvernet går uvanleg sterkt ut mot småkraftverk i Rydøla. – Inngrepet let seg ikkje forsvara, kokluderer dei fire bak innspelet.

Fem omsøkte

Det er fem småkraftprosjekt som no ligg på høyringsbordet. Fristen for å kommentera dei fem nye inngrepa i Luster sin vassdragsnatur går ut 30. juni.

Fire av dei er i Skjolden og på Luster sørside, Rydøla er inngangen til Jostedalen. NVE sin dom over dei omsøkte fossane er venta ein gong over jul.

– Går sterkt i mot

Naturvernet har samla seg om å forsvara Rydøla. Bakgrunnen er fossen og landskapet sin verdi. Men det har neppe gått vernemiljøet hus forbi at kommunen sitt eige energiselskap står bak planane om å innlema fossen i Småkraft si fornybarportefølje.

– Me går sterkt i mot å opna for konsesjon til Rydøla kraftverk, seier Erik Solheim, på vegner av nemnde motoffensiv, og ber dei folkevalde i Luster ta seg tid til å lesa fylkesnaturvernet sitt innspel.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida