Radiorøyster fekk målpris

Radio Luster har vore på lufta i 30 år.

Publisert 16.06.2015 kl. 12.57. Oppdatert kl. 13.02.

I helga vart dei heidra med Luster mållag sin målpris for 2015. Prisen vart delt ut på Lustramarknaden.

Det var 12. gongen Luster mållag delte ut målprisen som skal gå til verksemder, institusjonar, organisasjonar eller personar med tilknyting til Luster som gjer eit framifrå arbeid for å fremja god nynorsk og dialekt.

Grunngjeving

Styreleiar Finn Skare og redaktør Kristen Ormberg tok i mot prisen frå mållagsleiar Oddmund Løkensgard Hoel.

Radio Luster hadde si første sending valdagen 1985 og har halde det gåande i nesten 30 år.

– Berre det er verd ein pris i seg sjølv, kommenterte Hoel under prisutdelinga.

For det er ikkje tvil om at mange av dei nærradioane som dukka opp på 80 og 90-talet, vart døgnfluger. Nokre få utvikla seg til å kommersielle radioar.

– Radio Luster er i den vesle og eksklusive gruppa med radioar som har drive ein mannsalder på dugnad, og attpåtil i Bygde-Noreg.

Dialektbruk

«Når Radio Luster får Målprisen, er det for god dialektbruk gjennom alle desse åra. Radioen har hatt ein stad mellom 150 og 200 medarbeidarar på desse 30 åra. Når ein snakkar på radio, tenkjer ein betre etter enn til vanleg korleis ein formulerer seg og kva ord, former og talemåtar ein nyttar. Slik har Radio Luster vore ein god skule i god og medviten dialektbruk for medarbeidarane, til glede for dei mange lyttarane i kommunen», heiter det i grunngjevinga.

Der vert det også trekt fram kor viktig radioen har vore for å auka den lokalpolitiske interessa i Luster.

Informasjonsbehov

– Ein viktig bakgrunn for skiping av radioen var informasjonsbehovet i samband med Breheimenutbygginga, og radioen har heile vegen teke opp aktuelle saker og i mange år hatt faste sendingar frå kommunestyremøta. Slik utgjer radioen i dag ein viktig del av det lokale folkestyret, og godt språk og godt folkestyre er to sider a same sak, sa Oddmund Løkensgard Hoel og overrekte prisen, eit foto frå fjellheimen teke av Frank Smedegård.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster