Felte jerv i Luster

Det er den sjuande jerven som er skoten i Sogn og Fjordane i år.

Publisert 15.06.2015 kl. 12.11.

– Det vart felt ei vaksen jervtispe i Nørstedalen i Luster. Dette er ein fast åteplass som har dei har der inne, opplyser seniorrådgjevar Hermund Mjelstad ved Fylkesmannen si miljøvernavdeling til NRK Sogn og Fjordane.

Det var torsdag i førre veke at jerven vart skoten. Dermed er det avliva fem jervar Luster og to i Årdal sidan nyttår.

Les også: På sporet av jerven

I fjor var jerveskadane rekordhøge med store tap av sau i Stryn, Luster, Årdal og Lærdal. Til saman vart det for 2014 utbetalt erstatning for rovviltskade på over 3 millionar kroner.

Teke ut fleire dyr

Statens Naturoppsyn har tidlegare i vinter teke ut seks jervar i fylket. I tida etter dette har det framleis vore registrert spor etter jerv i alle dei aktuelle kommunane der skadeomfanget var høgt i 2014.

– Me ser det difor som naudsynt å redusere talet på jerv ytterlegare for å sikre at fylket, og region 1, når målsettinga om å vere beiteprioritert område. Per i dag er det ikkje dokumentert yngling av jerv i Sogn og Fjordane, men det er dokumentert fire ynglingar i Sjåk og i Lom. To hi er tekne ut her, eitt i Sjåk og eitt i Lom. Dei ekstraordinære uttaka av jerv er i tråd med rovviltforliket i Stortinget. Målsettinga er reduserte skader på sau og tamrein i 2015, skriv Fylkesmannen på sine nettsider.

Les også: Deler ut fellingsløyve på jerv


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster