Rekordsal for LustRabalder

400 billettar vart rivne vekk på førehandsalet til årets LustRabalder.

Publisert 13.06.2015 kl. 17.19. Oppdatert kl. 17.22.

- Dette er tre gonger så mange billettar som me har seld før, seier arrangør Linn Christina Leirdal.

Sjå biletserie her

Venta i to timar

Ein vennegjeng frå Hafslo venta to timar utanfor Parken i håp om å få møta idola i gutebandet The Main Level. Ein halvtime før konsertane braka laus fekk dei heldige jentene moglegheitene til å komma tidleg inn å møta dei tre bergensarane Laurent Kelmendi, Sander Helmers-Olsen og Alexander Instøy.

- Det var heilt fantastisk å få møta dei. Me har vore fans heilt sidan me såg dei på ein konsert i Oslo for eit halvt år sidan, seier Julie Fredheim.

Topp stemning

Allereie frå fyrste låt var dansegolvet i parken fullt av dansande ungdommar. Etterfølgt av The Main Level kom AdmiralP på scena før Gabrielle avslutta kvelden med gamle og nye songar.

- LustRabalder har utvida seg mykje sidan me starta for fire år sidan. No kjem det folk heilt frå Bergen for å få med seg festivalen. Folk står å hyler når det er lydprøvar og det er vell eit godt teikn, seier festivalsjef Oddny Julie Leirdal.

Artistane elskar parken

Ein fellesemnar som gjekk igjen blant dei tre artistane var at Gaupne og Parken var ein av dei finaste plassane som dei hadde opptredd på.

- Det er kjekt å høyra at artistane skryter over plassen. Me håpar sjølvsagt på at LustraBalder kjem i meirsmak hos artistane slik at dei kjem igjen til neste år òg, seier Leirdal.

Les meir om LustraBalder 2015 i papiravisa måndag.


Les meir om: Siste Nytt Luster