To promillemistenkte

To menn er mistenkte for promillekøyring i Sogndal natt til fredag.

Publisert 12.06.2015 kl. 06.29. Oppdatert kl. 06.41.

– Om lag klokka 00.30 i natt vart to menn stogga av politiet, etter at det var meldt om at dei truleg køyrde bil i rusa tilstand. Begge personane har gjennomført utandingsprøve for å få stadfesta mistanken om promille, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var tips frå publikum som førte til at dei to vart stogga i Sogndal sentrum.

Skadeverk

Litt seinare på natta, om lag klokka 02.00, kom det inn melding om skadeverk på ein buss som stod parkert på Hafslo.

– Det var folk som passerte staden der bussen stod parkert, som melde frå om skadeverket. Ein mannsperson vart observert i området, og han vil me gjerne koma i kontakt med, seier Olaug Holme,

Skadeverket er at det er knust ruter på bussen.

– Omfanget av skadeverket veit me ikkje enno. Me må ha folk på staden på dagtid for å undersøkja det, seier Holme.