Sognefjellet opna

Publisert 05.06.2015 kl. 11.29. Oppdatert kl. 13.03.

Fylkesveg 55 over Sognefjellet opna att klokka 10.46 fredag etter at vegen har vore stengd grunna uvêr.

Det vert meldt at det stort sett er bart og vått, med snøslaps enkelte stader. Klokken 10.45 fredag var det to grader, svak vind og oppholdsvêr, heiter det i vegmeldinga frå Statens vegvesen.

Om vegen over Aurlandsfjellet kan opnast, vil bli vurdert klokka 12 fredag, opplyser vegvesenet.