Drøymer om bråtining

Kong Vinter har lagt store utfordringar i fanget på motbakkefolket denne våren.

Publisert 04.06.2015 kl. 15.53.

Arrangøren av Molden opp stirer lett ottefullt opp mot snøgrensa.

Løftar opp utstyr

– Me har sota mange parti ovanfrå og ned til der bratta avtek, seier John Inge Bukve, og stadfestar at all innsats er retta mot dei ekstraordinære snøtilhøva vel to veker innan årets store motbakkedyst i denne delen av Luster, laurdag 20. juni.

Blir hardtrampa

Arrangøren har ved hjelp av helikopter fått henta opp utstyr for formålet.

– Det har faktisk kome nysnø så seint som tysdag, seier John Inge Bukve, tillet seg å vera optimistisk.

Målet for Molden opp denne gongen er å by motbakkefolket snøfritt på seks av løypas sju kilometer.

– Me må nok rekna med snø under skorne den siste halve kilometeren, seier John Inge Bukve, og lover eit hardtrampa underlag.

Lettare på toppane

– Det skal bli eit fast og fint spor, forsikrar han, og minner om at snøproblem er meir regelen enn unntaket så høgt som Molden, 1.119 meter over fjordspegelen.

– I fjor var me storheldige, turr og fin trasé heile vegen, seier han.

Betre tid

Men til liks med ein motbakkemålgang lenger vest i fjorden, Vidasethovden i Feios, 1.227 meter over havet, er det ikkje heilt til topps at snøplaga er tyngst.

– Oppe på toppen er det relativt lite snø, seier Gunnar Grindedal, og konstaterer at det er lenger nede, i sløkjene og delvis i skogen, at Kong Vinter held att.

I Feios har dei betre tid på seg, årets mønstring i motbakkane er søndag 5. juli. Men Gunnar Grindedal vel å tru at forsommaren ordnar opp i dette sjølv.

– Me har snøen liggjande på 700 meter, men sola jobbar jamt og trutt på traséen vår, seier Gunnar Grindedal.

Mobiliserte

Arrangøren av sesongens første motbakkeløp i Sogn, Storehaugen opp i Lærdal, 908 meter over havet, mobiliserte store ressursar for å få siste delen av traséen i stand til å ta i mot løparar og trimfolk.

Ingen grunn for uro

Sistnemnde motbakkeløp vart avvikla 14. mai og let seg gjennomføra tidleg i eit relativt snøfattig Lærdal. Men dugnadsinnsatsen var massiv siste 200 høgdemetrane under målgang.

I Aurland ventar Rimstigen opp den 25. juli. Her er det neppe store grunnen for uro. Målgangen er 725 meter over havet og sommaren er relativt moden når startskotet på Bakka ljomar i verdsarvveggen.


Les meir om: Siste Nytt Sport Luster