NRWY med ny singel

NRWY er no ute med singelen "So Much For Nothing Left To Lose". Dette er andre smakebit frå deira komande plate "Not Now".

Publisert 03.06.2015 kl. 15.31. Oppdatert kl. 15.36.

Førre singel, "Paper Thin Walls", har fått veldig god mottaking, og blitt spelt på NRK P1, P3 og P13.

Med "So Much For Nothing Left To Lose" tek bandet enno eit steg vidare i ei ny retning. Låta handlar om å gi opp, men at det alltid kan verte verre, heiter det i ei pressemelding frå NRWY.

Denne veka blei det stadfesta at NRWY vert å sjå på Fres Festival i Fresvik 25. juli, der dei deler scene med mellom anna Kvelertak og Emilie Nicolas.

Singelen er spelt inn i Parachute Studios med produsent Roar Nilsen (Pål Angelskår, Marie Munroe), miksa av Nick Terry (The Klaxons, The Libertines, Rumble in Rhodos) og mastra av Dave Collins (Soundgarden, Weezer, Queens of the Stone Age).

Høyr "So Much For Nothing Left To Lose" her.


Les meir om: Siste Nytt Luster