Deler ut fellingsløyve på jerv

Fylkesmannen har tildelt eitt skadefellingsløyve på jerv i Lærdal og eitt i Luster/Årdal for å redusere tapa av sau til jerv i beitesesongen 2015.

Publisert 02.06.2015 kl. 16.16. Oppdatert kl. 16.18.

I fjor var jerveskadane rekordhøge med store tap av sau i Stryn, Luster, Årdal og Lærdal. Til saman vart det for 2014 utbetalt erstatning for rovviltskade på over 3 millionar kroner.

Teke ut fleire dyr

Statens Naturoppsyn har tidlegare i vinter teke ut seks jervar i fylket. I tida etter dette har det framleis vore registrert spor etter jerv i alle dei aktuelle kommunane der skadeomfanget var høgt i 2014.

– Me ser det difor som naudsynt å redusere talet på jerv ytterlegare for å sikre at fylket, og region 1, når målsettinga om å vere beiteprioritert område. Per i dag er det ikkje dokumentert yngling av jerv i Sogn og Fjordane, men det er dokumentert fire ynglingar i Sjåk og i Lom. To hi er tekne ut her, eitt i Sjåk og eitt i Lom. Dei ekstraordinære uttaka av jerv er i tråd med rovviltforliket i Stortinget. Målsettinga er reduserte skader på sau og tamrein i 2015, skriv Fylkesmannen på sine nettsider.

Ekstraordinære uttak

Region 1 hadde ein lisenskvote på ti jervar for vinteren 2014/2015. Ingen av desse vart felt. Dette gjer at ekstraordinære uttak er naudsynt i våre område for å redusere tapa til jerv om sommaren. Det er rovviltnemnda i region 1 som tildeler kvotar for lisensjakt og for skadefellingsløyve.

– Aukar sjansen

Fylkesmennene i region 1 har fått tildelt ein skadefellingskvote på seks jervar for perioden 01.06.2015 – 15.02.2016.

Dei to skadefellingsløyva som no er tildelte gjeld frå 01.06.2015 – 14.06.2015. 

– Det er framleis gode sportilhøve i fjellet, noko som aukar sjansen for felling, skriv Fylkesmannen.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster