Brefestival for store og små

 Jostedal Bygdelag arrangerer Brefestival.

Publisert 02.06.2015 kl. 15.21. Oppdatert kl. 16.04.

6.– 7. juni er det lagt opp til varierte aktivitetar, for både store og små. Laurdagen er det i hovudsak aktivitetar på snø og vatn, går det fram av ei pressemelding.

Annleis skitur

Bjørnar Bjørhusdal frå Fimbul inviterer til ein annleis skitur, der folk får oppleva Vangsen frå ei ny side. Icetroll byr på rafting og kajakkpadling for dei som ikkje er redde for å bli våte, og i området rundt Breheimsenteret vil det vera natursti, grilling og buldring. Søndagen er det breaktivitetar på Nigardsbreen som står i fokus. Då er det bretur som er tilpassa ungar og familiar, med grilling ved brevatnet i etterkant. For dei vaksne er det lagt opp til langtur med Nigardsbre-veteranen, Steinar Bruheim, frå Jostedalen Breførarlag.

Bading og buldring

Dei siste åra har Brefestivalen hatt eit eige arrangement for ungdommar, og dette skal vidareførast også i år. Barn over elleve år har moglegheit til å vera med på Brefestivalen «uteungdommar». Dette er ein friluftsleir med aktivitetar heile helga, og med overnatting i Jostedal Samfunnshus. Hovudaktivitetane der er skitur til hytta på Mannen og isklatring / brevandring på Nigardsbreen. I tillegg er det moglegheiter for bading, buldring, leik i gymsalen og filmsjåing.


Les meir om: Siste Nytt Luster