Har berga ut 39 personar

Rednings- og brøytemannskap har berga ut 39 personar og 17 bilar frå Sognefjellet.

Publisert 01.06.2015 kl. 19.34. Oppdatert kl. 20.37.

Det melder politiet klokka 1845.

– Nokre har køyrd til Turtagrø, nokon til Sognefjellshytta, og eit par bilar er sendt austover, opplyser politiet.

Les også

Meir trøbbel

Politiet opplyser også at ein personbil har køyrd seg fast i ei fonn mellom Turtagrø og Øvre Årdal. Politi og brøytebil er på veg for å berge både sjåfør og bil.

 


Les meir om: Siste Nytt Luster