– Har snudd bilen

Arne Inge Synnevåg er framleis oppe i snøkaven.

Publisert 01.06.2015 kl. 19.58. Oppdatert kl. 20.37.

– Det vert no jobba med å snu bilane, slik at me kan køyra ned att på sognesida av fjellet, fortel Arne Inge Synnevåg til Sogn Avis litt før klokka 20 måndag kveld.

Bergingsaksjon

Klokka 13 i dag var det bom stogg for Synnevåg og dei to passasjerane han har med seg då fleire bilar på sommardekk møtte vinteren på Sognefjellet, mellom Turtagrø og Sognefjellshytta.

– No er Røde kors på plass her med snøscooter og trakkemaskin. Ein har lukkast med å snu ein del av bilane som står fast her, seier Synnevåg. 

Tek tid

Men kor tid kolonna med bilar kan køyra mot låglandet er uvisst.

– Den eine bubilen får dei ikkje start på, og det er famleis bilar som står med snuten feil retning. No byrjar det å blåsa opp litt att, så dette kan ta tid, seier Synnevåg.

Han fortalde tidlegare i kveld at dei stod i lag med fem personbilar og to bubilar.

Berga

Rednings- og brøytemannskap har berga ut 39 personar og 17 bilar frå Sognefjellet. Det melde politiet klokka 1845. 

Les også


Les meir om: Siste Nytt Luster