Sit vêrfaste på Sognefjellet

10-15 personbilar og fleire bubilar kjem seg ikkje av flekken på Sognefjellet.

Publisert 01.06.2015 kl. 17.36. Oppdatert kl. 18.06.

Sjølv om kalenderen viser juni, er det barske tilhøve både i låglandet og høgfjellet.

– Får ikkje opp dørane

Snø og vind gjer at både bubilar og personbilar står fast fleire stader på fjellovergangen.

– Det er no så gale at me ikkje får opp dørene på bilen på grunn av snø, seier Arne Inge Synnevåg. Karen frå Leikanger er på veg til jobb i Kvam i Gudbrandsdalen og har med seg to personar til i bilen. Dei står på 1400-metres høgd mellom Sognefjellshytta og Turtagrø.

Sommardekk

Det var i 13-tida måndag at dei fekk problem på fjellovergangen mellom aust og vest.

– Me er godt skodde og har firehjulstrekk, men det er ikkje alle som har det, seier Synnevåg.

Fleire bilar med sommardekk fekk problem i snøkaven, og dermed er det mange som no ikkje kjem seg over fjellet.

–  Her rundt oss er det fem personbilar og to bubilar, fortel Synnevåg.

Ingen info

Dei etterlyser no informasjon om det vert jobba for å få dei ned frå fjellet.

– Me har lite kaffi att, men framleis er galgenhumoren på plass, seier Synnevåg.

Hjelpa på veg

Operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt fortel at situasjonen førebels er uoversiktleg.

– Me har fått beskjed om at det står kring 10 bilar mellom Sognefjellshytta og Turtagrø, det skal også stå 4-5 bilar på austsida av fjellet, seier Gulliksen.

Både politi og mannskap frå Røde Kors var i 18-tida måndag på veg opp i høgfjellet.

– Me er på veg opp for å få ein oversikt over situasjonen og å få frakta folk ned att i låglandet, fortel Gulliksen.


Les meir om: Siste Nytt Luster

Siste saker Gå til framsida