– Eg er utruleg skuffa

Arne Johannessen, Ap- leiar i Luster, legg ikkje skjul på at nedlegginga av Sogn og Fjordane politidistrikt er eit nederlag.

Publisert 31.05.2015 kl. 19.38. Oppdatert kl. 19.55.

– Fylket burde stått saman om dette, meiner han.

Høgre, Frp, Venstre, Ap og KrF gjekk søndag inn for å redusera tal politidistrikt frå 28 i dag til 12 gjennom eit kompromiss.

Kritisk til Ap sentralt

Johannessen har kjempa for å behalda politidistriktet, mellom anna frå talarstolen på Ap- landsmøtet tidlegare i år.

– Eg er utruleg skuffa over at Ap ikkje stod løpet ut slik Ap i Sogn og Fjordane har gjort i denne saka. Eg er kjempenøgd med korleis Ap i fylket har jobba i denne saka, men Ap sentralt har altså gått med på nedlegginga, det er eg svært kritisk til. Eg har lese analysen og meiner me har fått for lite att for å vera med på forliket. Eg meiner Ap ikkje burde skrive under forliket, seier Johannessen.

Han vil likevel ikkje svartmåla heilt.

– Eit punkt er likevel viktig. Politidirektøren er ikkje den som skal leggja ned lensmannskontor, det er utruleg viktig for Ap å få med og ein viktig siger, seier ordførarkandidaten i Luster.

Splitta fylke

Dei nye politidistrikta ser ut til å bli Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vest (Hordaland og Sogn og Fjordane), Rogaland, Agder, Sør- Øst (Buskerud, Telemark, Vestfold), Oslo (Oslo og Asker og Bærum), Øst (Follo, Romerike og Østfold) og Innlandet (Hedmark og Oppland).

Johannessen meiner politidistriktet kunne vore berga dersom politikarane i fylket hadde stått samla.

– Møre og Romsdal, Rogaland og Finnmark er fylke som får bestå som sjølvstendige politidistrikt. Sogn og Fjordane har hatt like gode argument og vel så det. Det er ingen grunn til å behandla Møre og Romsdal annleis enn vårt fylke. Men eg ser ein stor forskjell. I dei andre fylka har eit samla politisk miljø stått samla. I Sogn og Fjordane har det vore splitta. Her har Sp, KrF og Ap stått på for ein fylkesmodell medan Venstre, Høgre og Frp ikkje har løfta ein finger, meiner Johannessen.

– Her har me noko å læra for framtida.

Flytta til Bergen

Johannessen er også regionlensmann i Sogn og tek på seg den hatten når han seier følgjande:

– No er det bestemt, me må bretta opp armane og følgja opp det som blir klubba i Stortinget 11. juni og innretta oss til den nye framtida. Eg tykkjer det er bra at politidirektøren ikkje får bestemma nedlegging av lensmannskontor, det skal skje politisk. Det er tydelege teikn på lokale prosessar i kommunane når det gjeld struktur. Men det er ingen tvil om at det vil gje store utfordringar for Sogn og Fjordane politidistrikt slik me kjenner det i dag. Det vil gje store utfordringar for dei tilsette, i første omgang for dei ved operasjonssentralen i Florø og administrasjonen der. Det ligg i korta at desse funksjonane blir lagde til Bergen.

– Korleis vil innbyggjarane merka endringa?

–Det er vanskeleg å spå om framtida. Det blir større avstand frå publikum til operasjonssentralen. Den blir i Bergen og det blir større avstand og utfordringar knytt til lokalkunnskap. Men for publikum i Leikanger eller Aurland er det viktigaste spørsmålet om dei får betre eller dårlegare hjelp når ting skjer og når dei skal ha tenester, som til dømes pass. Det er det viktigaste, ikkje kvar politimeisteren eller operasjonssentralen er.

Meir politi

Johannessen trur ein vil mista politifagleg miljø innan beredskap, kunnskap han reknar som viktig med tanke på kommunikasjon og samhandling med beredskapen hjå Fylkesmannen.

– For meg som regionlensmann betyr det at me må analysera dei politiske føringane og bruka dei i ein prosess der me vil skapa eit nytt politidistrikt og sikra innbyggjarane i Sogn og Fjordane best mogleg resultat, seier Johannessen, som meiner ikkje alt er negativt med reforma.

– Eg må bruka nokre dagar på å rista av meg skuffelsen, så skal me inn i dette på ein skikkeleg måte.

Han trur resten av året går til å få på plass dei nye politidistrikta og finna politimeistrar. Framover vil regionlensmannen oppretta tett samarbeid med lokalpolitikarar og ordførarar.

– Som regionlensmann vil eg invitera til svært tett dialog med folkevalde og her forventar eg engasjement. Me får ikkje frie tøylar, men eg ynskjer engasjement.

Han håper også på større bemanning.

– Det er klare målsetjingar om å få opp bemanninga. Målet er to per 1.000 innbyggjarar. I region Sogn er me rundt 1,3. Uansett struktur er det viktig at publikum får hjelp. Så kan me spekulera i om det blir lettare å få fleire i samarbeid med Hordaland.

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster