Nytt og stort i bruk neste år

Ein ny butikk, meir enn dobbelt så stor som den gamle, skal stå klar til bruk i Skjolden om mindre enn eitt år.

Publisert 29.05.2015 kl. 08.35. Oppdatert kl. 08.38.

– Me er glade for å få butikken gjenreist på same staden, seier Elin Hauge.

På same staden

Det inneber at bygdefolket må etablera ein mellombels butikk, truleg i Fjordstova.

Den eksisterande bygningsmassen skal sanerast, arbeidet startar i september, når høgste turistsesongen er over. Frå den eine dagen til neste kjem gamlebutikken til å bli jamna med jorda.

Mellombelse

Folk i Skjolden må såleis bu seg på ein vinter med redusert tilbodsside på daglegvare.

– I eit mellombels butikklokale skal folk få brød og melk og endå litt til, lover Elin Hauge, og får samtykkande nikk frå Lene Waagsbø Wiese.

Dei to gler seg storleg til den nye butikken, som skal utnytta trekanten i sentrum og skal dekka ei flate på meir enn 300 rutemeter.

Coop held fram

– Me har positiv framdrift, seier dei to, og understrekar at det aldri har vore snakk om at butikken på Skjolden skal leggjast ned.

Bygdefolket har skipa Skjolden eigedom, som no har hand om både tomta og bygningsmassen. Det er såleis dette selskapet som står for sanering og gjenreising. Men Coop skal halda fram, heretter som leigar.

– Behovet stort

Gamle Samvirket på Skjolden er frå 50-talet og ikkje nett framtidsretta. Lokalsamfunnet har såleis stort behov for ein ny butikk. Ikkje berre for bygdas eige behov, men også med tanke på den turistveksten Skjolden må handtera, både langs den nasjonale turistvegen og frå sjøsida.

– Det kjem godt med å få butikken utvida og modernisert, seier Lene Waagsbø Wiese.

Høgsesesongen

Ho minner om den flotte utviklinga i Skjolden. Mange småbarnsfamiliar har kom til bygda, Skjolden går gjennom ei spennande utvikling.

– I den høgste turistsesongen er det også god bruk for eit godt butikktilbod, seier dei to.

– Er ikkje utsett

Butikken i Skjolden er såleis ikkje ein utsett bygdebutikk. Gjennom åra har det jamt vore auke i butikken sin omsetnad.

– Dette er ingen bitte liten butikk, presiserer dei to, og ser ei god framtid for butikken i Skjolden. Dei rustar seg for ei investering på 5,5 millionar kroner og reknar med støtte frå, forutan Coop, kommunen, sparebanken og Mercur-programmet. Sistnemnde har ei ordning for investeringsstøtte for ny butikk på dette nivået.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster