Friluftshelg i fylket

Skitur til Fanaråken er eit av tilboda i friluftshelga 30 og 31. mai.

Publisert 28.05.2015 kl. 06.40. Oppdatert kl. 06.41.

Til saman 15 ulike tilbod rundt om i Sogn og Fjordane står på programmet for friluftshelga, som blir arrangert laurdag 30. og søndag 31. mai. Friluftshelga er ei markering av friluftslivets år.

Skitur

I Sogn er det fire arrangement. I tillegg til skituren til Fanaråken laurdag, er det familiedag på Hamrestølen i Leikanger søndag og flugefiskekurs i Årdal laurdag.

På Hamrestølen blir det også tilbod om overnatting frå laurdag til søndag.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sponsa friluftshelga med 200.000 kroner, skriv fylkeskommunen på heimesida.

 


Siste saker Gå til framsida