Dalføre i vekst vil på dagsorden

Jostedalen er i rivande utvikling og samfunnshuset må arrangerast for ei ny tid.

Publisert 26.05.2015 kl. 16.29.

Onsdag blei dei folkevalde i Luster presenterte for utfordringane.

Barnehageplassar

– Det er stort behov for fleire barnehageplassar, samstundes ser me behovet for ei større modernisering av samfunnshuset, seier Mette Frydenberg Reinertsen, styrar ved Jostedal oppvekstsenter.

Dei to elementa heng i hop. Samfunnshuset i Jostedalen har ikkje vore rørt sidan barnehagen blei bygd til, for 25 år sidan.

– Ikkje for framtida

– Barnehagen blei tilpassa det eksisterande samfunnshuset, seier styraren, og legg til: – Me sit med eit samfunnshus som ikkje er budd på framtida.

– Korleis kan det bøtast på?

– Det må byggjast på, seier styraren, og held fram behovet for eit påbygg på barnehagesida.

Sprengt barnehage

Det er atten plassar ved barnehagen i Jostedalen. I åra framover ser ein at ramma kan koma under press.

– No er barnehagen sprengt og me må utvida arealet gjennom å ta i bruk matsalen for barnehagen sitt behov, seier styraren.

I utgangspunktet var barnehagetiltaket i Jostedalen basert på eit fådagars tilbod. No er ungane dagleg i barnehagen.

SFO må jenka seg

– Barnehagen sine behov må ha prioritet, seier Mette Frydenberg Reinertsen.

Såleis må resten av samfunnshuset sine behov tilpassa seg barnehagen sin bruk av matsalen. Det inneber at også SFO må jenka seg, sidan sistnemnde har vore brukar av matsalen dagleg frå klokka 14-15 og utover.

Samfunnshuset med alle sine viktige funksjonar i dalføret er heller ikkje ein optimal arbeidsplass for dei fem-seks som dagleg skjøttar jobben sin her.

– Me har ingen pauserom og det er mangelfullt når det gjeld personalet sitt behov for garderobe, held styraren fram.

Lovande dalføre

Dette fekk dei tilsette ved oppvekstsenteret rikt høve til å leggja fram under formannskapet si vitjing.

Dei folkevalde i Luster har all grunn til å lytta når dei er i Jostedalen. Dalføret kan svinga opp med lovande utsikter dei neste åra.

 

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster