Arbeid i tunnelar

Denne veka blir det vedlikehaldsarbeid i ei rekkje tunnelar i Sogn.

Publisert 26.05.2015 kl. 06.35. Oppdatert kl. 08.28.

Ført ute med tunnelarbeid er vegvesenet i Bergstunnelen på rv. 5 mellom Fjærland og Sogndal. Der blir det manuell dirigering frå klokka 19.00 i dag, tysdag og fram til onsdag føremiddag klokka 09.00.

Trafikantar må rekna med inntil 30 minuttar ventetid, ifølgje vegmeldinga på vevevsen.no.

Også i Gudvangatunnelen på E16 blir det inntil 30 minuttar ventetid grunna arbeid i tunelen tysdag og onsdag denne veka. Begge dagane frå klokka 22.00 og fram til klokka 05.30 neste dag.

Trafikantar må venta på ledebil.

Vedlikehald

Onsdag og torsdag blir det tunnelstenging på rv. 55 mellom Leikanger og Sogndal. Også her grunna vedlikehaldsarbeid. Fatlatunnelen blir stengd frå onsdag klokka 19.00 fram til klokka 09.00 torsdag førmiddag.

I Stedjebergtunnelen blir det stengt fire timar torsdag 28. mai, frå klokka 19.00 til klokka 23.00.

På fv. 55 mellom Sogndal og Sognefjellet blir det vegarbeid i Årøytunnelen, Stupshølentunnelen, Røneidtunnelen, Råumtunnelen, Ottatunnelen og Gullringtunnelen denne veka.

Arbeidet i desse tunnelenane går føre seg på kvelds- og nattetid frå torsdag 28. mai kloka 19.00 fram til laurdag 30. mai klokka 07.00.

Både på rv 55 og på fv. 55 må trafikantar rekna med inntil 30 minuttar ventetid ved dei aktuelle tunnelane.