Feira etiketteventyret

Han fekk med seg familien på å satsa alt.

Publisert 25.05.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 13.38.

Etter sju-åtte år rullar Digital Etikett i Gaupne vidare med ein årsomsetnad på 20 millionar kroner.

Var tidleg ute

Onsdag var tida inne for å erklæra nybygget på Gaupnegranden for opna. Her har Kjetil Hovland etablert ti jobbar, i ein bransje med spennande utsikter. Han var tidleg ute og er størst på digitale etikettar her til lands.

– Kjetil såg behovet og marknaden, og han såg potensialet i den nye teknologien, seier ordførar Ivar Kvalen, og klypper snora framfor 80 gjester i dei moderne produksjonslokala på Granden.

Takksame for støtte

I det kommunale tiltaksapparatet var det ikkje veldig vanskeleg å hiva seg på.

– Han kjem hit og seier at han kan bransjen frå innsida, at familien på fem har selt huset og pantsett alt dei eig for å satsa for fullt, kva anna kan ein gjera enn å tru på slikt, seier næringssjef Olav Grov.

Kjetil Hovland og kona Tone er takksame for støtta dei er møtte med, lokalt gjennom Luster kommune, Innovasjon Norge i Leikanger og Lerum i Sogndal.

– Sjå tre år fram

Mange støttespelarar var der, også maskinleverandøren, HP, som held lustraverksemda fram som referansekunde.

– Ver vedvarande innovativ, sjå minst tre år fram og tenk grønt, er rådet frå sales manager Rob Engelman.

– Ægir tidleg kunde

Kjetil Hovland tinga maskinene i 2007, med ei årsomsetnad på 200.000 kroner la han inn ein maskinordre på sju millionar kroner.

Digital Etikett fekk snøgt ein fot innanfor i den nye bryggerinæringa. Aud Melås og Evan Lewis hadde Ægir oppe og gå i Flåm og satsa straks på lokalt produserte etikettar.

Seinare kom dei nye bryggeria etter, på rekke og rad. Dei såg at etikettbehovet blei skreddarsydd ved verksemda i Gaupne.

Sju av dei var på plass for å markera kundeforholdet til etikettprodusenten, og dei er samstemde: – Snøgg respons, stor fleksibilitet og godt lag med kunden.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida