Luster opnar for ti syrarar

Itt no´ knussel i Luster, formannskapet går for ti syriske flyktningar i år.

Publisert 21.05.2015 kl. 00.01.

Luster var inviterte til å ta i mot fire-fem. Rådmannen i Luster hadde innstilt på to.

Fekk med Ap

Men Marit Aakre Tennø frå Sp var ikkje snauare enn at ho tok til orde for ti syriske flyktningar. Ap var ikkje vanskelegeg å få med, og Venstre hivde seg på.

Dei to representantane frå regjeringspartia var ikkje like sjenerøse. Men Geir Arve Sandvik, H, og Ernst Veum, Frp, var båe villege til å oppfylla kvoten Luster var blitt utfordra på, fire-fem syriske flyktningar i 2015.

Skepsis frå rådmannen

Debatten i formannskapet onsdag kom til å handla om kommunen sin kapasitet på mottakssida. Rådmann Jarle Skartun minna om kommunen sine utfordringar allereie.

– Me har ei rad familiegjenforeiningar i kjølvatnet av dei me alt har teke i mot, sa han, og understrekar at fleire enn to inneber at kommunen må gå inn med administrative forsterkingar.

 – Me har dessutan alt teke oss vatn over hovudet i 2015, minna Jarle Skartun om.

– Pinleg

– Men berre to er pinleg, meinte Sp sin representant, og fekk med seg Aps Anette Stegegjerdet Norberg.

– Syrarar er dessutan ressurssterke folk, me bør klara ti, meinte ho.

Det blir opp til kommunestyret i juni og banka det friske nivået formannskapsfleirtalet går for.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster