I kø for å få båtplass

Ordføraren klypte silkesnora og dermed var båthamna opna. Båtlaget har alt planar om utviding.

Publisert 18.05.2015 kl. 13.53. Oppdatert kl. 14.11.

– Folk står i kø for å få plass i båthamna. Difor håpar me i alle fall å få utvida frå 34 til 50 plassar, seier Jan Øvrebø, styreleiar i båthamna, og han skein sterkare enn sola fredag kveld då båthamna vart offisielt opna. Folk strøymde til, og minst 250 fryda seg i den vakre maikvelden. Dale skulemusikk spelte, her var grilling, og festkvelden slutta med fyrverkeri ved midnatt.

Fellesskap

– Me i kommunen er opptekne av å skapa gode buplassar, men like viktig er det å skapa gode bumiljø.Båthamna gjev tilgang til fjorden. Dette er eit framifrå tiltak og eit flott tilskot til beste for heile bygda, sa ordførar Ivar Kvalen. Han streka under kor viktig det er å ha eldsjeler, som klaskar nevane saman, og seier dette skal me få til når det buttar imot. Og de greier det i fellesskap.

– Ein stor applaus til Jan Øvrebø for den store innsatsen hans, sa Kvalen, for så skjera silkesnora i dei norske flaggfargane, og seia det imponerande båtanlegget for offisielt opna.

Bobleanlegg

– Me har vyar for Høyheimsviki, og er stolte til å visa fram det nye anlegget, seier Jan Øvrebø, som har ivra for å få bygt ei båthamn i over åtte år.

I båthamna er det og eit bobleanlegg for å halda området isfritt.

– Me har ikkje store isproblem her, men me må sikra oss. Bobleanlegget verka godt i vinter, men det er sjeldan det kjem drivis her, seier Øvrebø. Han legg ikkje skjul på at den største utfordringa var økonomien.

– Eg hadde trua på at me skulle greia det, seier eldsjela Øvrebø, men han vedgår at han tvilte litt innimellom.

– Eg er sjølv overraska over at me greidde det, men båthamna er eit løft for bygda. Høyheimsviki er ei perle, seier Svein Hatlevoll.

Jungeltrafikken

Fredag kveld låg båtane tett i tett, og det er ikkje berre bygdefolk eller lustringar som har kjøpt seg båtplass her.

– Folk som har feriehus og bur andre stader, har båtplass, eller dei har meldt frå dei er interesserte i å få seg ein båtplass her, seier Øvrebø.

– Jungeltrafikken vil nok gå, og fleire båtturistar vil ta turen hit. Båthamna vår ligg idyllisk til like ved den nasjonale turistvegen, og med fjord og høge fjell kan det ikkje vera betre, seier Hatlevoll.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster