Svikt i besøkstalet

Mild vinter, solrik vår og ein sommar varmare enn me kan hugsa på lenge, gav dårleg badevêr i Lustrabadet.

Publisert 18.05.2015 kl. 00.01.

– Ved oppstart av eit badeanlegg er det vanleg at besøkstala er ekstra høge det året anlegget opna. Når nyhendeinteressa har dabba av, er det ikkje unormalt at det vert færre besøkjande, sa avtroppande styreleiar Odd Atle Stegegjerdet då han presenterte årsmeldinga for Luster kommunestyre.

Fint ver

Den varme sommaren gjorde ikkje situasjonen betre, dei fleste føretrekte sol og badevatnet i Sognefjorden framfor innomhusbading i Lustrabadet.

– Me budsjetterte med 54.800 besøkjande og hadde 43.150 i 2014. I tillegg kjem om lag 8.900 elevar inne på skulesymjing, rapporterte Stegagjerdet.

Den beste månaden for 2015 var februar med 5100 besøkjande, medan mai var svakast 1970.

Ned i stilling

Sviktande besøkstal og inntekter tvinga fram tiltak og i januar gjekk dei tilsette ned i stillingar for å redusera lønskostnadane. Ifølgje årsmeldinga førte det til ei belastning for motivasjonen til dei tilsette.

– Det har framleis vore ei utfordring å halda arbeidstida for dei to leiarane på eit akseptabelt nivå, heiter det i årsmeldinga.

Tilskot

Lustrabadet tok imot eit tilskot frå kommunen i 2014 på 3.360.000, inkludert tilskotet til skulesymjinga. For å ta ned utgiftene har badet gjort fleire justeringar i opningstid og bemanning.

I årsmeldinga peikar styret på at stadige endringar i opningstid er lite gunstig for kundane. Usikre opningstider og dårlegare tilbod kan føra til lågare besøkstal og dermed reduserte inntekter. Frå i haust vart opningstidene forbetra, noko som har fått god mottaking.

Marknadsføring

Rekneskapen syner eit mindreforbruk i 2014 på om lag 300.000 kroner. Dette vert tilført disposisjonsfondet til Lustrabadet.

Eit samrøystes kommunestyre godkjende årsmeldinga, men stilte spørsmål om kva badet har tenkt å gjera for å få opp att inntektene.

– Me har fleire strategiar me jobbar med framover. Mellom anna forbetrar me heimesida no, tek nye bilete, lagar film og annonsar, svara dagleg leiar Nina Gudevang.

Ho håpar dei skal lukkast å trekkja til seg barnefamiliar til bading i Luster, sidan det er der inntektspotensialet er størst.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster