Byggjer ut for 15 millionar

Den eldste internatdelen skal rivast og erstattast med fleire overnattingsrom med bad.

Publisert 15.05.2015 kl. 15.01. Oppdatert kl. 15.04.

I tillegg skal nybygget også romma ein aktivitetssal, som gjev nye moglegheiter til variert og aktivt program på leirane. Ein slik sal har dei ikkje hatt tidlegare. Den vert 160 kvadratmeter med 3,5 meter takhøgd og kan nyttast til både innebandy og innefotball.

NYBYGG: Nye rom med bad og ein ny aktivitetssal skal stå klar til bruk neste sommar. (Skisse Lyngmo)

Framtidsretta

– Dette er ei stor og framtidsretta satsing for det kristne leirarbeidet for born og ungdom på Lyngmo, seier Per Hilleren, styreleiar for Lyngmo Ungdomssenter.

Det er Norsk Luthersk Misjonssamband og Sogn og Fjordane Indremisjon som eig verksemda. Styret har dei siste åra jobba for å sjå etter moglegheiter til å utvikla drifta vidare, med hovudfokus på at utviklingstiltaka skal vera retta mot å utvikla kjerneverksemda som er leirarbeid for born, ungdom og familiar.

Standard

Ved å riva den eldste internatdelen vil leirstaden bli oppgradert til ein betre standard med fleire overnattingsrom med bad.

– Me gler oss til å ønskja alle velkomen til eit oppgradert Lyngmo sommaren 2016, seier Hilleren.

Luster kommunestyre gjekk i siste møte inn for løyva to millionar i lån og 200.000 kroner i tilskot til den nye aktivitetshallen.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster