Rovdyrtiltak kostar

I 2012 vart det brukt nær 6,9 millionar kroner til rovvilttiltak i regi av Statens Naturoppsyn.

Publisert 12.05.2015 kl. 15.52. Oppdatert kl. 16.20.

Det meste er kostnader til direkte fellingsforsøk, men det er også kostnader til ettersøk og tiltak eller utgreiingar ved spesielle rovvilthendingar.

– Det er ein stor operasjon å få til gode tal på dette, det siste året me har ein god samanstilling er 2012, skriv seksjonsleiar Lars Bendik Austmo i Statens Naturoppsyn i ein epost til redaksjonen.

Mykje jerv

Austmo seier han ikkje har høve til å seia kva dei har nytta så langt i år på uttak av jerv, sidan dei ikkje har fått inn alle kostnadene knytt til tiltaka.

Av dei 6,9 millionane, går knappe 2,1 millionar til heiltidstilsette, vel 3,7 millionar går til helikopterleige, resten er kostnader til lokale rovviltkontaktar og lokalt kontrakterte.

Ekstraordinær

Hovuddelen av helikopterkostnadene er knytt til uttak av jerv. Det vart i 2012 teke ut 77 jerv i Noreg gjennom ekstraordinær skadefelling og hiuttak.

Det er Miljødirektoratet som fattar vedtaka som ligg til grunn for ekstraordinære uttak som blir gjennomførte av Statens Naturoppsyn.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida