Gaularfjellet framleis stengt

Fv. 13 over Gaularfjellet er framleis stengd grunna fare for skred, medan vegen over Sognefjellet opnar att tysdag morgon.

Publisert 12.05.2015 kl. 08.18. Oppdatert kl. 08.27.

– Me har fått melding frå brøytemannskapet på Sognefjellet, som fortel at fylkesveg 55 over Sognefjellet opnar for fri ferdsle klokka 08.30 i dag, tysdag, seier vaktoperatør Roger Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Skredfare

Fjellovergangen lenger ute i fjorden, fylkesveg 13 over Gaularfjellet, har vore stengd etter at det gjekk eit snøskred der i førre veka. Roger Hille fortel at vegen framleis er stengd, avdi det er fare for at det skal gå nye ras der.

– Me vurderer situasjonen på vegen over Gaularfjellet fortløpande, men slik det ser ut no trur me ikkje det blir noko opning av denne fjellovergangen før i slutten av veka, seier Roger Hille.