Strid om leiarverv

Odd Atle Stegegjerdet vil gjerne halda fram som styreleiar for Lustrabadet KF, men storkoalisjonen i kommunestyret hadde andre planar.

Publisert 09.05.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 11.33.

Stegegjerdet ville halda fram som styreleiar, og nestleiar Grete Kristin Lerum hadde sagt frå seg attval.

Anette Stegegjerdet Norberg, AP, gjekk på talarstolen og kalla kampen om styreklubba ein skinnprosess. Ho lét kommunestyre få kjennskap til kva som hadde skjedd i formannskapet ei veke tidlegare.

– Som dotter av styreleiaren hadde nok mange av dykk sett at eg hadde site stille på plassen min og ikkje teke ordet i denne saka. Det ville sjølvsagt vore ein for lett måte å parkera meg på. Som medlem i Luster formannskap dei siste to åra, føler­ eg no ei plikt til å seia noko om den prosessen eg har sett på nært hald har blitt ført mot Lustrabadet, sa Stege­gjerdet Norberg.

Ho kunne ikkje forstå kvifor ein styreleiar, som heile vegen har oppfylt mandatet frå det formannskapet har bede om og fått positiv tilbakemelding frå rådmann i årsmeldinga, skal skiftast ut fordi storkoalisjonen vil ha inn sine kandidatar.

Saka skapte mykje debatt i kommunestyret, og det endte med skriftleg avrøysting. Video frå oppteljinga kan du sjå her.

 

Meir om den oppheta debatten kan du lesa i papirutgåva eller e-avisa laurdag.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster