Førebur pangopning

Med om lag 700 skyttarar representert frå heile landet har mai-skytehelga i Indre Sogn vakse seg til det største frittståande skytestemnet i landet.

Publisert 07.05.2015 kl. 15.43. Oppdatert kl. 18.00.

13–16. mai samlast dei på fem ulike baner i Sogn, for niande året.

Stemnet veks seg større for kvart år og har blitt mest for ein tradisjon å rekna for mange i skyttarmiljøet i landet.

– Det har blitt slik at dette, er startskotet på sesongen for mange. Til no er det om lag 700 påmelde, mot 546 i fjor, det er ein jamn auke frå år til år. Me har påmelde heilt frå Målselv i nord til Søgne i sør, så me kan trygt seia at dette er blitt eitt av dei største nasjonale­ skytestemnene, seier Olav Skarsbø frå Leikanger­ skyttarlag.

Det er eit stort apparat i sving rundt skytehelga. Leikanger er saman med Knipenborg, Farnes, Sogndal og Hafslo Skyttarlag, arrangørar, med eit dugnadskorps på over 300 dagsverk.

– Me startar tysdag der me lokale gjer unna skytinga. Det krevst mykje mannskap til gjennomføringa når det for alvor startar torsdagen. Me er avhengige av alle som kan bidra, sidan dette er eit stort løft for regionen og dei lokale laga, seier Asle Dulsvik frå Sogndal Skyttarlag.

Totalpakke

Det som gjer at arrangementet er blitt så utruleg populært er råma rundt. Arrangørane har lagt mykje vekt på det som skjer utanfor sjølve skytebana.

– Mykje er lagt opp rundt det sosiale, og naturen vår. Det er den flottaste tida på året med alle kontrastane i naturen, dette trekkjer nok ein del tilreisande. Det sosiale er også veldig viktig. Aldersspennet er frå 10 til 90 år og mange klubbar brukar dette som ein sosial tur, oppleva Sogn, ikkje berre skyting, forklarar Dulsvik.

Dei fem banene ligg også relativt nært så det er ikkje veldig store transportetappar.

Unikt system

– Transportetappane mellom banene gjev ei fin reise for deltakarane. Avstanden er ikkje avskrekkande. I tillegg så har me eit unikt system på resultatservice. Ein får fortløpande oppdatering på nett og mobiltelefon, slik har deltakarane full kontroll, også kva som skjer på dei andre banene. Det finst faktisk ikkje eit slikt system i landet elles, seier Dulsvik.

Det er eit stort apparat kring organisering og avvikling av eit stemne av slik størrelse. Planlegginga startar eitt år i førvegen, og har store synergiar til lokalmiljøet.

– Me er allereie i gang med neste års planlegging. Me snakkar jo om 700 skyttarar og slikt krev planlegging, for dei fleste kjem med familiar i tillegg. 90 prosent er tilreisande, alle skal ha overnatting så det merkast godt for både næringsliv og reiseliv lokalt desse dagane. Me har eit godt samarbeid med overnattingsbedriftene og fleire lokale støttespelarar. Men om me held fram med å vekse så må me ha eit tettare samarbeid med fleire aktørar, forklarar Robert Sandvik frå Knipenborg Skyttarlag, og legg til:

– Me har framleis ikkje nådd maksgrensa på talet på deltakarar, så det er endå rom for vekst.


Siste saker Gå til framsida