Bønder prydar millionar av mjølkekartongar

Frå no av og heilt fram til midt i november vil tre mjølkebønder frå Sogn og Fjordane pryda mjølkekartongane på Vestlandet.

Publisert 07.05.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 12.57.

Det er Anne Berit Holsen frå Holsen, Sølvi og Jan Norvald Steig frå Fortun og Hansen Samdrift ved Hallgeir Hansen frå Hafslo.

– Eg synest det er flott at forbrukarane kan bli informerte om produktet dei kjøper på denne måten, seier Jan Norvald Steig, som får bilete av garden og fleire familiemedlemmer på kartongane med ekstra lett mjølk.

Anne Berit Holsen prydar kartongane med lettmjølk, medan Hansen Samdrift prydar kartongane med heilmjølk og skumma mjølk

Heile Vestlandet

Bøndene frå Sogn og Fjordane vert å sjå på over 20 millionar kartongar. Anne Berit Holsen på 8,7 millionar, garden til Sølvi og Jan Norvald Steig på 5,0 millionar og Hansen Samdrift på 6,5 millionar kartongar, vert det opplyst i ei pressemelding frå TINE.

Kartongane vert distribuerte på heile Vestlandet: Hordaland, Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Mjølka vert tappa både i Bergen, på Byrkjelo og i Ålesund.

TINE ønskjer å ta i bruk begge målføre på mjølkekartongane, heiter det i pressemeldinga. Lettmjølka og skummamjølka har bokmål tekst, medan ekstra lett og heilmjølka er på nynorsk.

Stolte

Undersøkjingar viser at svært mange nordmenn er stolte over og ønskjer mjølk frå eigen region. Både internasjonale trendar og forbrukarstudie viser at folk vil vita meir om kor maten dei et kjem frå og kven som har produsert den.

Med dette som bakteppet forsøker TINE å auka engasjementet og gje større nærleik til ei av Noregs mest brukte matvarer, heiter det i pressemeldinga.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster