Teltby på Turtagrø

Det er utruleg mange skituristar i fjellet desse helgane i mai når det er godt vêr.

Publisert 05.05.2015 kl. 09.50. Oppdatert kl. 10.26.

Det fortel Kjartan Kvien, som har teke dette bilete ved Turtagrø.

– Telting på snøen ved Turtagrø vert vist meir og meir populert. Skreiing utanom løyper i bratte fjell er blitt utruleg populert. Og så er det alle 2.000 meter-toppane kring Turtagrø som skal bestigast, påpeiker han.

Bilete er frå 2. mai og viser berre ein del av alle telta.

I helga som kjem vert det truleg endå fleire – om vêret vert godt, skriv Kvien i ei melding til avisa, og helsar frå fjellet.

Over 200 personar gjekk på Store Ringstind laurdag.

Send gjerne vårbilete til nett@sognavis.no eller som MMS med kodeord SOgn til 1982.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster