Skadd på fjelltur

Hjelpemannskap er på staden.

Publisert 03.05.2015 kl. 17.59. Oppdatert kl. 18.51.

Politiet fekk søndag ettermiddag melding om at ein mann hadde skadd seg på fjelltur i Luster. Uhellet vart rapportert inn klokka 15.30 og gjekk på at mannen hadde skadd eit kne.

Mannskap frå Røde Kors og eit Seaking redningshelikopter bidreg i arbeidet med å få mannen ned frå fjellet, opplyser politiet.

Klokka 16.55 melde politiet at den skadde vert frakta til sjukehus med helikopter.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster