Jublar over nynorsk kinoteksting

Opp til kinoane kva målform dei vil nytta i ny ungdomsfilm.

Publisert 03.05.2015 kl. 13.53. Oppdatert kl. 16.08.

Fredag var det premiere på ungdomsfilmen Skammerens datter. For fyrste gong blir ein kinofilm distribuert med undertekstar både på nynorsk og bokmål. Det er kinoane sjølve som avgjer kva undertekst dei vil nytta. Det er digitaliseringa av norske kinoar som gjer dette mogleg.

– Heilt nytt

- Så vidt eg veit, er dette heilt nytt i Noreg. Det er ein flott sjanse for alle kinoar til å syna filmen med nynorsk teksting, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.   

Tidlegare var ei slik løysing nesten utenkjeleg, då kostnadene med å laga fysiske visningskopiar med ulike undertekstar vart for store. Med digital filmdistribusjon er det berre utgiftene til omsetjing som står att. Denne gongen har Nordisk Filmdistribusjon teke desse utgiftene, då boka filmen er basert på, er omsett til nynorsk i Noreg.  

Motivasjon

Den dansk-norske filmen har eit stjernelag av skodespelarar, med Jakob Oftebro og Marie Bonnevie i spissen. Det er ein utruleg eventyrfilm i ei mellomaldersk fantasiverd basert på fyrste boka i Skammar-serien til Lene Kaaberbøl. Boka har selt utrulege

40.000 eksemplar i Noreg.

Filmen vert også distribuert som skulekino for 6.-10. trinn, og det opnar sjølvsagt for at filmen kan brukast i sidemålsundervisninga på bokmålsskular. 

- Filmen er basert på ei veldig spennande og god bok på nynorsk, og det må vera ein ekstra motivasjon å sjå filmen med nynorske undertekstar etterpå, seier Marit Aakre Tennø.

 

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster