Reinare cruiseskip inn fjorden

2015 byr på færre cruisebesøk, men større og reinare skip i norske hamner.

Publisert 03.05.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 11.14.

Basert på prognosar for 2015, er det venta at talet på cruiseanløp til Norge vil falla med rundt fjorten prosent, medan tal passasjerar vil gå ned med  fire prosent frå ifjor. Sidan 2011 har dei fleste største norske hamnene hatt ein stor vekst i cruisetrafikken og Norge er framleis eit av verdas mest populære reisemål for cruiseturistar.

– Me må hugsa at det har vore en kraftig vekst i cruisebesøka fram til toppåret 2013. Det er naturleg at det flater noko ut no. Konkurransen er hard, det er også grunn til å tru at dei nye, og betydeleg strengere reglane for utslepp i norske hamner, bidreg til at nokre reiarlag sender skip til andre område, seier dagleg leiar Sandra Diana Bratland i Cruise Norway i ei pressemelding.

Verdas strengeste

Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen, IMO, har definert norskekysten sør for 62 breiddegrad som Emission Control Area. Det betyr skjerpa reglar for utslepp av SO5 og NOx. Norske hamner sør for Ålesund har no saman med Baltikum, Karribien og Nord-Amerika, verdas strengeste restriksjonar for slike utslepp.  Skip som ikkje tilfredsstiller miljøkrava, har måtta installera system for reinsing av eksos.

– Reiarlaga har jobba raskt og målretta for å installera disse systemene, til tross for at kostnadene ikke er ubetydelege,  seier Bratland.

Legg att pengar

Innovasjon Norges turistundersøking 2014 viser at cruisepassasjerane i gjennomsnitt legg att 860 kroner per dag dei er i land i norske hamner.

– Myten om at cruiseturister ikkje brukar penger når dei er i land er avliva. Dei rundt 2,5 millionar dagspassasjerane som årleg vitjar norske hamner legg att godt over to milliardar kroner langs Norskekysten. Det bidreg til å skapa arbeidsplassar, og cruisetrafikken gjev også penger i kommunekassane gjennom offentlege skattar og hamneavgifter, seier Bratland i pressemeldinga.