Skaut to jervar

Statens Naturoppsyn har teke ut to nye jervar i Sogn.

Publisert 29.04.2015 kl. 17.43. Oppdatert kl. 08.43.

Den eine vart skoten ved Fåbergstølen i Jostedalen, den andre ved Leirvatnet.

Mykje jerv

Det vart også sett spor etter jerv i Utladalen, over til Eidsbugarden og tilbake til Utladalen. Noralv Distad, leiar i rovviltnemnnda, seier han er glad for uttaket av jerv.

– Men dette stadfestar at det er mykje jerv i området. Me har tidlegare sagt at det er ti dyr her, det held truleg stikk. Så langt i år er det no teke ut fem jervar, seier Distad.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Luster